Turkart masfjorden

Turkart for Masfjorden og Omegn

Nytt oppdatert Turkart Masfjorden er kommet januar 2017!

Samme flott papirkvaliten og kartutforming. Stier og veier blir oppdatert. Finnes også som ubretta kart til å ha på vegg. Veil pris kr 199,-

Idrettsrådet i Masfjorden gjev ut Turkart for Masfjorden og omegn, i samarbeid med idrettslaga, Masfjorden kommune, Nordhordland turlag og Emap.
Kartet er i salggjennom idrettslaga og i butikkar, bokhandlarar, hos turlaget og på Stordalen Fjellstove. - og kan bestilles her på nett.

  • Nyaste kartteknologi
  • Oppdatert stinett
  • Ruteframlegg med gradering
  • Kartpapir som tåler vatn bra.
  • Heile Masfjordfjella på eit kart, inkl delar av Gulen, Høyanger, Modalen og Lindås

På heimesida finn du informasjon om:

  1. Kartet - bakgrunn, dekningsområde
  2. Bestilling, salg, kjøp
  3. Turforslag
  4. Gradering av ruter
  5. Merking av stiar og merkeprosjektet
  6. Allemannsretten
  7. Bruk av Kart, kompass, og GPS
  8. Serviceinformasjon
  9. Jakt og Fiske
  10. Nettressursar
  11. Bøker og anna informasjon
  12. Utgjevarane - kontaktinformasjon
  13. Rettingar og feilmeldingar

Kartet - bakgrunn, dekningsområde

Turkartet er gjeve ut for å  spre informasjon om det fantastiske fjell- og fjordlandskapet me har i Masfjorden – og korleis du kan nytta deg av det. Kartet er laga for å dekkja heile kommunen og omkringliggjande fjellområde på eit og same kartverk. Målestokk 1:50 000. Ekvidistanse 20m med skyggelagte konturer for lettere lesbarhet. Mer moderne kart får du ikkje.

For å stimulera til alternative ruteval, har me freista å kopla saman nokre spanande ruter i tillegg til å leggja inn ein del turar på hjorte- og dyretrakk og andre meir vage ruter på fjellet. Desse er merka som ”utydeleg sti”. Ein må sjølv vurdera om den aktuelle stien og rutevalet er eigna etter eigen ferdigheit.
Kartet er meint som inspirasjon og vegvisar – all ferdsle med bakgrunn i kartet skjer på eige ansvar.

Kartet er todelt med trykk på både sider:

  • Masfjorden Aust dekkjer E39 til Steinsdalen og Nordalshytta, samt Romarheim og Mo til Høyanger sør i Sognefjorden.
  • Masfjorden Vest hvor også E39 er med i aust, til og med fastlandet i Gulen i vest. Andås og Eikefet er med i sør og Sognefjorden i Nord.

Går til toppen

Bestilling, salg, kjøp

  • Rettleiande pris er kr 199,-.
  • Planokart (ubretta kart til å henge på vegg) kr 199,-
  • Ved bestilling kommer porto og ekspedisjonsavgift i tillegg

Kartet blir selt direkte av idrettslagene Bjørn West IL, Risnes IL, Fjon UIL og Nordhordland Turlag (og hos deira kommisjonærar). Ved kjøp gjennom idrettslaga går meir av salgsinntekta direkte til idretten og laga. Kontakt laga direkte.

Kartet får du kjøp på følgjande utsalgsstader/kommisjonærar:

Masfjorden: Joker Haugsvær, Stordalen Fjellstove, Nordbygda senter, Kommunehuset, Kvingo Nærkjøp, M. I. Kvinge, T.Krossøy - Gulen: Joker Brekke, CoopM Brekke - Lindås: Nordhordland Libris, Nordhordland Turlag - Høyanger: Joker Bjordal, Søreide Handel, Nesheim Camping - Bergen: Bergen Turlag,

Kartet kan bestillast for sending pr. post her hos Berg Fritid, 5984 Matredal - Tlf 41047109 - turkart()bergfritid.no

Ekspedisjonsgebyr kr 75,-, pluss porto kjem i tillegg ved sending og fakturering.

Porto: Kart kr 21,-. / Planokart kr 284,- (inkl embalasje) / For flere kart ta kontakt.

Forhandlarar tar kontakt for bestilling / supplering / info: Berg Fritid, 5984 Matredal - Tlf 41047109 -turkart()bergfritid.no

 

Går til toppen

Turforslag

I kvar del av Masfjorden kommune er det 10 merka ruter med farge-gradering jf. ny internasjonal standard. Desse rutene er merka på ymse vis, vanligvis med røde merker, band, eller vardar. Ved start, slutt, veiskiller etc er det satt opp skilt. Rutene er valgt ut for å ha både lette og mer krevjande ruter i kvart område.

Dei rutene som har link i slutten har meir info, beskrivelse, bilder og/eller nedlastbart GPS spor. Bl.a. på nettsida God Tur, WestCoastPeaks (WCP) eller annet. NB! På WCP er det ikkje dei same turane som i kartet.

Me håper også du som brukar kan bidra til å få gode turbeskrivingar tilgjengeleg for andre. Har du gått tur, har bilete, synspunkt eller GPS legg det ut sjølv og gi oss et vink, eller ta kontakt slik at med kan leggja det ut. Bruk e-post: turkart()bergfritid.no

Går til toppen

Turar i Indrefjorden

Rute 1: Haukeland - Kjetland
Parker rett over brua på Haukeland. Følg traktorveg første stykket. Derfrå sti, og til dels oppmura ferdsleveg til Kjetland. Undervegs passerer du brukar og hengebru som vart brukt av garden Fosshogen i gamal tid. På Kjetland er ei flott 100 år gammal kvelvingsbru. Last ned GPS spor

Rute 2: Heinakken
Sti i skogsterreng frå vegen, litt bratt i starten, seinare flatare. Flott utsikt på toppen (404 moh.). Returen held fram vestover før du dreiar attende til Solheim og vegen ovanfor kyrkja. Sjå WCP - Last ned GPS spor

Rute 3: Stegane
Bratt historisk sti/trapper. Start frå gamle Hummelfossen kraftverk og følg sti/trapper til demning ved Hummelvatnet (258 moh.) og nokre store jettegryter. For å nå garden Kringlebotn som ligg innom Kringlebotsvatnet treng du båt, eller må gå over Klaven. Rute 3 på GodTur - Historikk - Last ned GPS spor

Rute 4: Stordalsvarden
Følg sti på lyngrabbane langs ryggen aust for Langevatnet. Drei etter kvart vestover og opp til Varden (839 moh.). Retur same veg, eller held fram ned ryggen nordover. Så slakk dal og skogslia tilbake til tunnelutløp ved Langevatnet. Last ned GPS spor

Rute 5: Nonklettfjellet
Start bak butikken på Haugsvær. Nydeleg utsikt på toppen (612 moh.). Alternativ tur på utydeleg sti frå Trodalsleitet, men da må du treffe stien eller skaret forbi hammeren. Sjå WCP - Last ned GPS spor

Rute 6: Bjørn West-marsjen
Historisk tur i motstandsgruppa Bjørn West sine fotspor frå andre verdskrigen. Start ved Litlematrestølen og ca. 15 km tur på sti i både skog og fjellterreng til Stordalen Fjellstove. GPS Start: 32V 318926 6751590 Slutt: 32V 322320 6761995 Bjørn West Marsjen -Sjå bilete frå starten på WCP - Last ned GPS spor

Rute 7: Matre - Haugsvær
Start på skogsveg innafor Matresvatnet. Vidare på stølsveg til Matrestølen. Før nedstigninga på trappe-lagt stølsveg anbefales avstikkar til toppen av Hestefjellet (774 moh.) med nydeleg utsikt. GPS Start: 32V 314703 6755180 Slutt: 32V 311663 6757544 Sjå Rute 7 på Godtur og Sjå delar på WCP - Last ned GPS spor

Rute 8: Kringla - Stordalen.
Turlagsrute frå E39 til Stordalen og innfallsporten til Stølsheimen. Etter stigninga til Grønefjellet (740 moh.) i fint fjellterreng forbi Vågsetstølen og på god sti ned Hellebotn til hyttefelta i Stordalen.GPS Start: 32V 310628 6760854 Slutt: 32V 311611 6763375 Sjå delar på WCP - Last ned GPS spor

Rute 9: Stordalen - Vardadalsbu
Turlagsruta som er inngangsporten til Stølsheimen frå Stordalen. Etter Bukkedalsvatnet forlet du fjellskogen og tek stigning til du er på høgdene sør for Store Fjellvatn. Høgaste punkt (967 moh.) rett før du går litt ned til Turlagshytta Vardadalsbu. Vinterruta går vanlegvis nord for Gygrefjellet og Store Fjellvatn. GPS Start: 32V 322321 6762132 Slutt: 32V 331552 6760843 Vardadalsbu (DNT) - Sjå området på WCP - Last ned GPS spor

Rute 10: Skavlabu
Turlagsrute med start fra Dyrkolbotn. Begynn ved parkering sør for Botnavatnet og følg vegen langs vatnet. Før brua i Dyrkolbotn tek du stien til høgre. Tur i skogsterreng, før du kjem opp i høgda. Vidare i høgfjells-terreng stigande til 1039 moh, før nedstigning til turlagshytta Skavlabu. Vidare lett tur til veg/demning ved Svartevatn. Alternativt vidare til Vardadalsbu eller ned til Modalen. Turen er lang og går i høgfjellet. GPS Start: 32V 316920 6744264 Slutt: 32V 326008 6753708 Skavlabu (DNT) - Last ned GPS spor

Går til toppen

Turar i Nordbygda

Rute 11: Torsvikåsen
Start ved nordsida av løa til nederste gard i Torsvik. Fin sti i skogsterreng. Utsikt i alle retningar på toppen (151 moh.). Alternativ retur til Hamnen ved Rambjørgsvika. Last ned GPS spor

Rute 12: Markhusdalen
Parker og start ved grendahuset på Sleire. Ta av ved Sleire skule-museum og følg skogsveg inn Markhusdalen. Fin og lett trasé, også for barnevogn og sykkel. Høve til å ta eit bad i Markhusvatnet. Om vinteren er dette ein fin skitur Last ned GPS spor

Rute 13: Reknesskjerjane
Start ved raud løe tett ved hovudvegen. Følg sti gjennom skogen til sjøen. Lett tur ned til fine svaberg og der det går fint an å bada. Last ned GPS spor

Rute 14: Haugsdal - Rambjørg
Start ved snuplass i Ytre Haugsdal. Lett tur på sti og traktorveg i skog og kulturlandskap. Last ned GPS spor

Rute 15: Hatten
Ca. 280 m vest for skulen går det sti nord/aust mot Hatten (373 moh.). Alternativ vestleg rute på opp/nedtur er å få med seg utsikta mot Hosteland. Last ned GPS spor

Rute 16: Frøyset - Hosteland
Start ved Frøyset kyrkje og følg stein langs Austevågen. Kryss eidet,  hald mot aust og kryss dalsøkket ved ny bru og hald vidare på austsida av Fitjevatnet.. Traktorveg siste stykket til innmark på Hosteland. Last ned GPS spor

Rute 17: Austefjellet
Start ved øvste garden på Molland. Gå rett opp skogslia. Flott utsikt på toppen (528 moh.). Alternativ retur til Stemmetjønn. Derfrå på sti ned til Masfjordvegen. Sjå delar på WCP - Last ned GPS spor

Rute 18: Storenova
Start ved parkering i Tangedalen. Følg merke nordaust til Storenova (559 moh.) med nydeleg utsikt. Vidare mot nordaust. Ta ned i dalen før Andershaugane og følg traktorveg ned til Sleire. Alternativt på sti tilbake langs Bastelielva til Tangedal. Sjå WCP - Last ned GPS spor

Rute19: Øksefjell
Frå Byrkjeland  følgjer du dalen nordover til Transdalsvatnet der du tek rett vest og bratt opp skaret, og opp på Øksefjell (647 moh.). Her møter du turane frå Sleirsfjellet, Hisbotnsnuken og Kjelby/Oppdalsøyra. Du følgjer ryggen vidare vestover ned til Halsane før du snur mot sør og følgjer Myrdalen mot Sleire. Etter eit stykkje går stien over i traktorveg. Det er fint å sykla traktorvegane på både sider av elva. Sjå delar på WCP - og WCP - Last ned GPS spor

Rute 20: Kvamsdalen - Kalhovda
Dette er lengste turen i området, og følgjer høgdene innover Masfjorden med fantastisk utsyn. Første del i på sti i skogsterreng til Kvamsdalstølen. Deretter opp på eit etter måten lett fjell. Høgste del er Stendarskarfjell (679 moh) og Ynnesdalsnakken, før du går ned mot Kalhovda og skogsterreng på slutten. Kortare tur går ned i Foss­dalen. Lengre tur går over Skarpefjellsnakken og ned til Kringla, slik at ein kan ta stien vidare til Stordalen. Sjå starten på WCP - Sjå slutten på WCP - Last ned GPS spor

Går til toppen

Turar på Sørsida

Rute 21: Sandneskletten
Kort tur i skogsterreng med litt stigning til flott utsikt på toppen (235 moh). Last ned GPS spor

Rute 22: Melshovden
Lett tur med god utsikt (183 moh) Sjå Rute 22 på WestCoastPeaks - Last ned GPS spor

Rute 23: Lykjelen
Frå øvste huset følgjer du traktorvegen eit stykke til den går over i sti som svingar seg oppover. Ta av stien mot aust, når du har høgda og nyt utsikta (415 moh) Sjå WCP - Last ned GPS spor

Rute 24: Håvarden
Start ved øvste husa i Elvik og følg ryggen mot nordaust til toppen (396 moh). Returner, eller følg stien nordetter og drei vestover mot Sandneskletten. Sjå anna rute på WestCoastPeaks - Last ned GPS spor

Rute 25: Ådneburen
Følg traktorvegen, og deretter god sti opp Meisdalen. Sving vestover, så nordover og hald ryggen i fjellterreng til toppen (797 moh). Alternativ retur er nordover til Kilskaret, og så bratt ned mot Andvik. Midt i skogslia møter stien ein traktorveg. Sjå Rute 25 på WCP - Last ned GPS spor

Rute 26: Kvingedalsætra - Andvikdalen
Frå Kvingedalen følgjer du stien oppover lia til nedre Kvingedalsætra. Vidare over høgda (400 moh) og bort til Øvre Kvingedalsætra. Herfrå kan du følgja skaret bratt ned i sikk-sakk til bilvegen inst i Andvikedalen. Se delar på WCP - Last ned GPS spor

Rute 27: Hellebergsåta
Følg traktorvei opp til Stemmevatnet. Deretter skogssti forbi Torsteinsvatnet. Det enklaste er å ta sørover før Svartevatnet og fordela stigninga til høgste punktet (440 moh). Returen kan tas videre til Mjangersætra, der det er sti og traktorveg ned til Mjanger. Last ned GPS spor

Rute 28: Andvik - Torhaugen - Totlandsætra
Etter Meisdalen tek du rett aust til setra, før du skrår oppover. Så er det slakt fjellterreng til Torhaugen (834 moh). Hald først litt vest før du dreiar nord i lettgått fjellterreng forbi Gavelen. Etter eit stykke dreier turen seg mot nordvest før du startar nedstigninga mot Totlandssætra og traktorvegen til Andvik. Sjå anna delvis anna rute på WCP - Last ned GPS spor

Rute 29: Kvingo - Kalvedalen - Stusdal
Følg den klassiske T-merka turen over Storevasseggene frå Kvingo via turlagshytta i Kalvedalen til Stusdal. Først er det skogsterreng. Ved Nordkvingesætra er det fjellskog og fleire rutevariantar. Me vil tilrå ei nordleg rute nesten bort til sætra, før ein går sør for Sætretjønna og over skaret (640 moh). Så ventar overnatting på Kalvedalshytta, viss du ikkje følgjer stien i skogsterreng direkte til Stusdalen. Dersom turen går innom Nord-Kvingesætrane, går ein vidare nordom Sætretjønna og over skaret (640 moh.). Kalvedalshytta (DNT) - Sjå første del på WCP - Last ned GPS spor

Rute 30: Grønestølane
Frå vegen sør for Sørkvingevatnet følgjer du skogssti aust forbi Nutevatnet. Her tek du høgde opp på fjellet og dreiar sakte sørover til toppen av Båtevassfjellet (780 moh). Vidare går du i slakt lett fjellterreng nedover til Dravlekupa, og følgjer stien ned til Einestrand. Sjå deler på WCP - Last ned GPS spor

Går til toppen

Gradering av ruter

Turane i dette kartert er gradert etter vanskegrad med fargekodar etter ny inter­nasjonal standard.  Kvar tur er teikna i kartet med enten grøn, blå, raud eller svart farge. Fargane har følgjande betyding:
Grønn
I hovudsak korte turar for nybyrjarar som ikkje krev særskilte ferdigheiter.  Skal kunne gjennomførast av alle og er derfor godt egna for barnefamiler med små barn. Turane går langs godt preparerte stier og skogsveger, og har ikkje for mykje stigning.
Blå
Litt lengre turar for nybyrjarar og middels godt trente turgåarar.  Kan gjennomførast av barnefamiliar med litt større barn. Turane er litt lengre enn dei grøne turane og kan og innehalda meir stigning.
Raud
Lengre turar for erfarne og uthaldne turgåarar som krev godt turutstyr. Turane går gjerne langs stiar, i ope terreng, stein og ur som krev tekniske utfordringar.
Svart
Lange turar for erfarne fjellfolk som krev godt turutstyr og kunnskap om kart og kompass. Turane kan vere svært lange, og kan innehalda parti med ulendt terreng og særs bratte stigningar. 

Går til toppen

Merking av stier og merkeprosjektet

I kartet er det ein del turar som er sette som merka. Desse er ny-merka i terrenget. Vi du vera med på å rydda stigar eller merka,  ta kontakt med det aktuelle idrettslaget (se utgiverne).

Ønsker du å vita meir om merkesystemet og dei nye internasjonale graderingane, finn du link til ein pdf her: Merking og gradering (se s 20) og noko info på: Fjellturisme

Går til toppen

Allemannsretten

Allemannsretten i Noreg sikrar fri ferdsle i utmark.

Men me skal fara varsamt fram og respektera naturen, innbyggjarane og andre turgåarar. Legg deg difor følgjande på minnet:

  • Ta med deg søppel heim.
  • Ha bikkja i band – sjekk reglane for bandtvang.
  • Ikkje rør fugleegg og/eller reir – vis omsyn for dyr.
  • Tenn ikkje bål i skogsområde om sommaren (15.04 - 15.09)
  • Bryt ikkje greiner eller skad busker og tre som veks.
  • Gå ikkje over innmark om sommaren.
  • Latt at grinda etter deg.
  • Ser du sau i fjellet etter 1. oktober kontakt grunneigar.
  • Ved parkering, vis omsyn.

Her får du vite meir om Allemannsretten - og Lov om Friluftslivet

Går til toppen

Bruk av Kart, kompass, og GPS

Eit godt kart gjer turopplevinga mykje større når du følgjer med på terrenget du ferdast i. Sjølv om du kan lasta ned enkeltdeler av kartet på nett, og me legg opp til nedlasting av GPS- spor, så erstattar ikkje dette opplevinga med å ha eit stort og godt kart som gjev oversyn og høve til å sjå fjell og fjordar som ligg eit stykke unna. I ukjent terreng er du avhengig av dette for å kunne orientera deg.

Bruk kartet også i godver!! Den dagen det vert dårleg ver, er det for seint å læra seg å tolka høgdekotar, avstandar og kva retning elva renn i. Då må du kunna dette. Og så må du kunna bruka kartet i lag med kompasset. Det er lettare enn mange trur, sjølv om det er eit fåtal turgåarar som faktisk kan dette og har det med på tur. Slik bruker du kart og kompass

GPS er eit nyttig supplement til kart og kompass. Med "sporing" kan du finna tilbake same veg som du kom, du finn ut kvar du er, og du kan lasta ned ferdige ruter frå denne heimesida og følgja turen. Til planlegging før turen, og til å finne gode vegvalg undervegs, er eit kart framleis mykje betre, spesielt for felles diskusjon og oversikt. GPS'en er ei teknisk sak som kan gå i stykke, bli tom for batteri, få vasskade etc. Her finner du ut mer om bruk av GPS

Ønskjer du opplæring eller tur med bruk av kart og kompass og /eller GPS, kontakt Bergfritid arne()bergfritid.no

Går til toppen

Serviceinformasjon

Masfjorden kommune er ein stor kommune – med rikeleg plass til alle. Kommunen har 1650 innbyggjarar fordelt på 558 km2.
Masfjorden har eit rikt kulturliv med aktive bygder knytt til tre skulekrinsar: Sørsida, Nordbygda og Indrefjorden.
Kommunen er største arbeidsgjevar, men det er og eit uttal mindre og livskraftige verksemder innan industri, service, handel og landbruk. Store arbeidsplassar i kommunen er kraftverka til BKK og Havforskningsinstituttet sin forskningsstasjon på Matre.

  • Stordalen Fjellstove Matredal, tlf: 56366205 - Overnatting, hytter, servering
  • Frøyseth Gardsmat, tlf 90123822 - ordaae@online.no - Gardsmat, overnatting, servering, fiske
  • Nautesund Camping, Hosteland, tlf: 56367044 - camping@nautesund.no - Camping, servering, båtutleige
  • Sandnesbryggja, Masfjordnes tlf: 56365076 Overnatting, båtutleige, Marina
  • NAF i Stordalen Stordalen tlf: 45226200 epost: maalvi.vaagenes@c2i.netLeiligheter, caravanplass
  • Storevatn Fritid Matredal tlf: 90043630 Bubil og campingvogner
  • Berg Fritid Matredal tlf: 41047109 - arne@bergfritid.no - Hytteutleie, skiskole, kajakk, sykkel, rappellering, turer
  • Mors Kjøkken Haugsvær tlf: 99223698 - Servering, Overnatting
  • Lenas Kafe & Catering Hosteland tlf: 46504445 - Servering, Marina
  • Fredsom kafe og pub Masfjordnes tlf: 47255855 - Servering
  • Bjørn West Museet, Matredal, tlf 56366300 - post@bjornwest.no - Motstandsmuseeum, turistinformasjon
  • EinekavaneAS Matredal tlf: 56367422 - einekav@online.no - Servering (ring først)

Går til toppen

Jakt og Fiske

Masfjorden har nokre av dei beste sjøaureelvane på Vestlandet. Både i  fjellet og låglandet er det eit tallause vatn med gode tilhøve for å fiska aure – for ikkje å snakka om sjøfiske på fjorden – frå land eller båt. I sjøen er det fritt fiske utanom elveos, men ver merksam på at det er generelt avgrensingar av turistfiske (nasjonale reglar).

Hugs at alle opp til 16 år kan fiske gratis i ferskvatn, med unnatak av elvar med laks eller sjøaure (anadrom laksefisk). Vaksne må løysa fiskekort til dei fleste vatn og vassdraga i Mas­fjorden.
Det er elles mykje hjortejakt i kommunen. I tillegg er det store område for småviltjakt og nokre område eignar seg for sjøjakt.


Jakt- og/eller fiskekort:

  • Stordalen i Masfjorden: Stordalen Fjellstove, 5984 Matredal. Tlf. 56366205
  • Indre Haugsdalsfjella: Masfjorden Jakt Fiske og Naturvernlag, 5984 Matredal, Tlf. 56367515 oivindto()imr.no
  • Sørlege delar av Haugsdalsfjella: Hans Magne Haukeland, 5984 Matredal, Tlf. 56366075

Fiskekort sjøaure eller laks

  • Frøysetelva, Frøyset, 5986 Hosteland, Tlf 56367287
  • Matreelva, Arnold Matre, 5984 Matredal, Tlf. 56366103 / 92469274
  • Haugsdalselva, Olav Kåre Tverrberg, Haugsdalen, 5984 Matredal, Tlf 56366049
  • Kraftstasjons-utløpet på Matre, Fiskekortautomat kr 50,- /døgn

Utover desse får du berre ta kontakt med den einskilde grunneigar om du vil jakte eller fiske.

Går til toppen

Nettressurser

Går til toppen

Bøker og anna informasjon

  • Turar i Masfjorden - Kenneth Ø Monsen
  • Turar i Modalen - Kenneth Ø Mnsen
  • Turar i Lindås - Knut Langeland
  • Opptur Hordaland -
  • Opptur Sogn og Fjordane
  • Stølsheimen

Går til toppen

Utgiverne - kontaktinformasjon

Kartet er utgjeve av:

  • Idrettsrådet i Masfjorden, 5986 Hosteland, Kontakt John Torsvik tlf. 90089470

i samarbeid med:

Går til toppen

Rettingar og feilmeldingar

Finn du feil i kartet (ruter, stigar, graderingar, symbol, namn osv), ber vi om tilbakemelding slik at det kan leggast inn her til opplysning for andre, og at desse rettingane kan komma med på eit evt. nytt opptrykk om nokre år. Send e-post til: turkart()bergfritid.no eller kontakt: Arne Berg tlf 41047109

Her kjem det nok ein del rettingar etter at kartet er gått i trykken.

  • Kartet må være bra for vi har ikkje fått inn nokre rettingar enno.

Går til toppen

Spørsmål, kommentarer, salg, kjøp: Arne Berg, 5984 Matredal – tlf 41047109 - turkart@bergfritid.no - www.turkartmasfjorden.no



Går til toppen